«Trafikk og hendingar», «Kortnytt» og anna «kortstoff» er noko lesarane våre elskar. Men vi har også ein del saker som mange, mange tusen har fått med seg:

Tusen takk til alle abonnentar og lesarar i 2023! Under kan du få med deg dei mest lesne sakene våre frå kvar månad i 2023:

Festglade næringslivsfolk var spennande for lesarane våre i januar. Foto: Henrik R. Hauken

Januar

Trafikkfeed, kortnytt og dødsannonsar gjekk, ikkje uventa, godt lesartalmessig i januar. Men også større bildeseriar var populært:

—> Fiffen festa på Alver Hotel: Sjå bilda frå festen her <—

—> Sjå bileta frå den elleville Nyttårscupen <—

—> Bil segla baklengs ned bakken og hamna på kanten <—

—> – Dette er ein katastrofe. Me fryktar at både rogn og musling dør <—

—> – Eit hinsides tullete opplegg, meiner folk <—

Marianne Knarvik Eide, Per Ole Eide, Henriette Eide og den nyfødde nevøen mista Arne-Christian Eide, som omkom i ei tragisk speedglider-ulukke i Loen. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Februar

I februar var det dei harde nyheitene som vart mest lesne:

—> Mista son og bror i tragisk ulukke: – Vanskeleg å sette ord på <—

—> Har blitt bedt om å rydda i over tolv år, men framleis ser det slik ut <—

—> Omkom etter drukningsulykke i symjebasseng i Modalen <—

—> Bunnpris håpar ny butikk vil avlaste trafikken på E39 <—

—> NM Brass 2023 i bilde <—

På éi veke fekk Austrheim-entreprenøren Odd Haugen fått to pålegg frå Austrheim kommune. Foto: Gunn Berit Wiik

Mars

Etter ulykkene i februar, var det over til konfliktsaker i mars:

—> Har gitt Odd Haugen pålegg om opprydding og stans av masseuttak <—

—> Høg temperatur mellom partane: – Berivest er verdt pengane <—

—> «Tid for hjem» gav nytt liv til den over 100 år gammal skykkja <—

—> Vil setja punktum for 17. mai-tradisjon <—

—> Fekk fire dagar på å rydde kontoret – har takka ja til vikariat på annan skule <—

Kurt Nilsen reiser ofte til hytta for å finne fred og ro. I april rasa han, saman med Jarle Halsvik og andre naboar. Foto: Monica Skjelanger Reknes

April

Ein rasande røyrleggjar frå bysida var ikkje nådig om forholda på hyttetomta si i april:

—> Kurt, Jarle og naboar er fortvila over støy og støv <—

—> Hans Olav kjempa i ti år – no er vegen utbetra <—

—> Slit med å få tak i nok folk <—

—> Desse 27 starta nye bedrifter i mars <—

—> Fekk telefon frå politiet; – Det har vore innbrot i huset ditt <—

Det var berre glis og godt humør å sjå då Lindåsfest nummer to blei arrangert. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Mai

Kom mai, du skjønne milde. Her var det både bildeseriar og 17. mai.

—> Sjå stor bildeserie frå Lindåsfest 2023 <—

—> Stort steinras stenger Austfjordvegen <—

—> Einige om avtale: – Kommunedirektøren sluttar < –

—> Sandnesbutikken stengjer dørene inntil vidare <—

—> 2023: Sjekk 17. mai-programmet for bygda di <—

Dokumentaren «Kampen for livet» var den nest mest lesne saka i juni. Den gjekk også bra utover sommaren, og har blitt den tredje mest lesne saka, og den desidert mest sette videoen på Strilen sine sider i år. Foto: Henrik R. Hauken

Juni

I juni forsøkte Strilen seg på noko vi aldri har gjort før, nemleg å lage kortdokumentar. Det blei godt tatt mot.

—> Mann mista livet i ulykke <—

—> Kampen for livet – dokumentar om NBK sitt gatelag <—

—>Tilbyr naboane éin million kvar: – Det triggar meg til å stå sterkare imot <—

—> Hotellet «utan rette vinklar» er til sals <—

—> «Store steinar på fleire hundre kilo» raste ned i europavegen <—

Sommar er agurk ... og tid for å plukke BH-ar opp av bosset? Bra vi også har ein festival vi også kan kose oss med! Foto: Privat

Juli

Kortnyheitene frå Utkant gjekk enormt bra – ein skulle tru heile Nordhordland var i Skjerjehamn den helga. Elles var harde nyheiter og BH-kuriosa kjekt for våre lesarar:

—> Kom heim frå jobb – oppdaga innbrot i heimen <—

—> 29 nye bustadtomter er klare. No manglar berre kjøparane <—

—> Denne butikken i senteret legg ned <—

—> Dramatisk då redningsbåt gjekk ned <—

—> Kven er eigar av denne BH-en? <—

Karstein Totland trudde han skulle på restefest. Så feil kunne han ta. Foto: Monica Skjelanger Reknes

«Restefest» for avtroppande ordførar og «mjukporno i fleisen». Jau då, august, leverte også:

—> Trudde han skulle på restefest – fekk seg ei stor overrasking <—

—> Traktor hamna ned skrent og i vatnet – førar måtte svømme i land <—

—> Først i Alver med sjølvbetent butikk <—

—> Fekk mjukporno rett i fleisen på bensinstasjonen <—

—> Eg var nesten sikker på at det skulle bli ei dødsulykke <—

August

Romarheim AS sitt oppkjøp av Frode Haugsvær Maskin AS blei den mest lesne «reine saka» i september. Foto: Arkiv / Kjell Arne Steinsvik

September

I september var det val, og valfeeden vår frå kommunevalet blei oppdatert både i forkant og på sjølve valnatta. Også live-dekninga vår frå Knarvikmila blei veldig godt lesen. I tillegg likte lesarane våre desse sakene:

—> Romarheim AS har kjøpt opp Frode Haugsvær Maskin <—

—> Dei skal styre Alver saman: – Vi kjem nok ikkje til å bli populære<—

—> Gunnar Reigstad har fylt 75. No sel han bedrifta<—

—> Linda vert ny ordførar i Modalen <—

—> Ein av desse kan bli Alver sin nye ordførar <—

Det blei politisk kaos, då Øyvind Bratshaug og Kenneth Murberg melde seg ut av Høgre, som førte til at fleirtalet rauk. Foto: Henrik R. Hauken

Oktober

I oktober rauk fleirtalet til Høgre, som førte til endringar i Alverpolitikken. Det ønskte folk å lese. Men det var ei sak om ei lokal verksemd som blei mest lesen:

—> Alfagruppen sleit med å betale løn til tilsette. No legg dei ned verksemda <—

—> Yrkessjåføren som vart countryartist<—

—> Alver Høgre er splitta – no er fleirtalet i fare <—

—> Slik reagerer dei på at fleirtalet rauk: – Me er blitt lurte <—

—> – Eg vann for svigerfar Sveinung <—

Når Hordabø inviterer til bygdefest, blir det alltid godt stemning. Kombinerer du det med Gunslingers, vil heile Nordhordland lese om det. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

November

Gunslingersfest, ny veg på Radøy og jeger som skaut sau i staden for hjort. Dette var dei mest lesne sakene i november:

—> Sveitt, vakkert og vilt på bygdefest på Bø <—

—> Snart får Radøy distriktets flottaste veg <—

—> Skulle skyta hjort, men drap to sauer <—

—> Knarvik ungdomsskule innfører heimeskule for 9. og 10. trinn <—

—> Fekk auka problem med støy. Meiner kommunen har handsama saka feil <—

Desember

Julekalenderen vår var veldig populær, og voyeurismen spelte inn på skattedagen. Elles var desse sakene populære i desember:

—> Brann i rekkehus på Frekhaug – totalt ti bueiningar er evakuert <—

—> 18 personar fortel om rot og manglande lønsutbetalingar i Alfagruppen <—

—> Fekk plen og postkassestativ øydelagt <—

—> Bunnpris håpar ny butikk vil avlaste trafikken på E39 <—

—> Fem bilar i ulukke på Hagelsundbrua <—