«Barnas dag»

Maja (3) og Linnea var med saman med mamma Ingrid. Foto: Monica Skjelanger Reknes

På både Knøttemila og Minimila var det strålande stemning trass grått vêr og mykje regn. Det var likevel 850 som stilte til start, og også nokon som melde seg på i etterkant.

—> Sjå alle bilda frå Knøttemila og Minimila < –

3, 5 og 10 km

Jonas og Anita Lilleskare, pluss Kristine Dommersnes. Foto: Henrik Hauken/Monica Reknes

På femkilometeren var det fleire lokale løparar som hevda seg, medan det på sjølve Knarvikmila berre var éin lokal løpar som klarte å ta ein av dei seks pallplassane. Nytt av året var at det også var eit 3-kilometerløp!

Alle er uansett vinnarar; sjå biletreportasje frå løpa her

—> 3 km Knarvikmila 2023 < –

—> 5 km Knarvikmila 2023 < –

—> 10 km Knarvikmila 2023 < –

Halvmaraton

Med 191 deltakarar på startstreken, lett overskya og blid heiagjeng i løypa, låg det an til å bli ein flott dag på Knarvikmila. Og det vart det!

—> Sjå alle bilda frå halvmaratonen her! < –

Volvatstafetten

Både politiet, Eknes Karosseri, NGIR, Studio Nor, Framo, CCB og fleire til stilte med lag under den forrykande stafetten som innleia Knarvikmil-helga.

Men det var Jesus sine disiplar som kom først i mål!

– Dette er kjempegøy, og veldig god stemning. Vi har aldri vore så mange påmelde på stafetten før, sa milsjef Ronny Borgen Hansen i etterkant av løpet, som blei runda av med felles middag i Nordhordlandshallen.

—> Sjå bilda frå Volvatstafetten her < –

Ungdomsmila

Wow, sjekk det folkehavet! Den største konkurransen/festen under Knarvikmil-helga, skjedde truleg allereie fredag formiddag.

I flott vêr var det masse flott ungdom som gjekk, sprang og dansa seg gjennom løypa ved Knarvik stadion.

—> Sjå bilda frå Ungdomsmila her < –

«Gulen-invasjon» i Knarvik

Gulingar i alle fargar var med å sette sitt preg på Knarvikmil-stafetten fredag.

– Imponerande, korleis har de fått det til?

– Nei, men er berre grådig spreke!

—> Les saka om gulingane her < –