Bedrifta som ikkje flaggar ut

Produksjonen er ekte handverk. Her er dagleg leiar Hugo Ulvatn med ei splitter ny not som gjerast klar til utskiping til ein av kundane. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Dei femten siste åra har Fiskenett vore den einaste notlinprodusenten i landet.

Trass i at alle konkurrentar har valt å flagge ut produksjonen, held bedrifta på Manger fram med å tene pengar på norskproduserte nøter.

– Får vi berre litt fleire ordrar no, er vi godt booka for i år. Etterspurnaden har variert litt, men dei siste åra har vore greie. Sel vi ei not no, er det heilt i grenseland for om vi greier å levere ho i januar neste år, seier Hugo Ulvatn.

– – > Les meir om bedrifta her < – –

Lastebil-gründeren frå Romarheim

Terje Romarheim har bygd opp eit stort selskap gjennom ein lang karriere. I bakgrunnen står Arve Vågenes og Silje Brandsdal, som Terje framhevar som svært viktige for bedrifta. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Terje Romarheim har gjennom femti år sørgt for at folk og gods kjem seg fram på vegane i Nordhordland. No er verksemda hans ein av kandidatane til «Årets bedrift».

– Eg har alltid gått stille i dørene og arbeidd. Det som driv meg er arbeidsgleda. Den har eg fordi eg har så gode folk med meg. Eg er heilt trygg på at dette fungerer, seier Terje Romarheim.

– – > Les meir om bedrifta her < – –

Gjekk frå boreleiar til transportør for oljenæringa

Kjetil Borlaug gjekk frå bore etter olje til å forsyne oljeselskapa med utstyr. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Petroleumsingeniøren Kjetil Borlaug gjekk frå å bore etter olje i Nordsjøen til å frakte borerøyr til basane. Borlaug & Brosvik Transport AS er ein av dei nominerte til Årets bedrift.

Den arbeidsame sogningen styrer i dag i staden ein stor flåte av tungbilar som fraktar boreutstyr mellom forsyningsbasar over heile landet.

– – > Les meir om bedrifta her < – –

Problemløysaren på Osterøy

Arnbjørn Vevle har hatt ei spanande reise, frå liten motorsagverkstad til ny og stor fabrikk. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Dei siste åra har Osterøy-bedrifta posisjonert seg for framtida med heilt ny og moderne verkstad.

– Når vi først bygde noko, ville vi gjere det skikkeleg. Det føler eg vi har lukkast med, seier Arnbjørn Vevle på Vevle Mek. Verkstad AS. Han ein av dei nominerte til Årets bedrift.

– – > Les meir om bedrifta her < – –