Brannvernet køyrde frå brann til brann i Vassbygdvegen i Lindås måndag ettermiddag.

Det byrja da brannvesenet ved 14.20-tida rykka ut etter at det var meldt om røykutvikling i skogen ein plass ved Vassbygdvegen i Lindås i Hordaland.

Vassbygdvegen går frå Furubergtunnelen til Konglevoll, og er gamlevegen på dette strekket frå før fylkesveg 57 vart bygd i dagens trasé.

Klokka 14.45 var brannvernet er på plass, og i gong med ettersløkking på staden.

Ny brann - no i hus

Klokka 16.04 kom det melding om nok ein brann, denne gongen i eit hus i Vassbygdvegen - altså i same området der brannvernet berre nokre timar tidlegare hadde vore vore for å ta kontroll på ein brann i terrenget.

– Eg var borte og såg då brannvesenet sløkte brannen i terrenget, og nokre timar seinare køyrde eg tilbake med mor mi for å vise ho kor det hadde brunne, fortel Kjenes til Strilen.

Han har hytte i området.

– Då vi kom til huset såg vi at huset sto i fyr. Det velta svart røyk opp frå taket.

– Heile taket øydelagd

På staden fekk han og mora vite at det var om lag eit kvarter sidan naudetatane vart varsla.

Om lag fire minutt etter Kjenes kom politiet og brannvesenet, fortel han.

– Då hadde flammane teke over, og flammane sto ut av vindauga.

Dei såg to personar som hadde kome seg ut av huset.

Kjenes meiner at huset har fått store skadar.

– Huset er ikkje mogleg å bu i, vil eg tru. I alle fall heile taket er øydelagd, sier Andreas Monsen Kjenes til Strilen.