I 15-tida torsdag hadde utrykkingspolitiet ein fartskontroll i Tellevikvegen i Åsane. Vegen går frå Salhus (Lekkerbisken), under E39 og eit par hundre meter i retning Hordvikneset. Strekket er på 1,5 kilometer og omtrent heile vegen er det 30-sone.

Resultatet etter ettermiddagens kontroll var nedslåande. 26 bilistar fekk førelegg for høg fart. Blant dei var det nok nokre nordhordlendingar som fekk ein kjip tur heim til middagsbordet.

Høgaste fart vart målt til 50 kilometer i timen.

Foto: Google Maps