I førre veke hadde Statens Vegvesen kolonnekjøring i samband med ulike formar for testing og justeringar i Mundalsberg- og Bjørsviktunnelen langs E39.

Men det må meir enn éi natt til for det, for no varslar Vegvesenet at det blir kontinuerleg i kolonnekjøring i dei same tunnelane frå med i dag onsdag 11. oktober og dei neste tre vekene framover. Arbeidet vil bli gjort mellom klokka 22 og 05.30 på natta, og ein må bu seg på stengingar på inntil éin time. Det blir jobba alle netter utanom natt til søndag.

Blir det lengre stengingar enn éin time, blir det varsla i god tid, melder Vegvesenet.