Det var natt til måndag at det vart gjort innbrot hos Ostereidet kro i Lindås.

– Viss nokon har observert noko i området, ber me dykk om å ta kontakt med politiet, seier lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg.

Politiet fekk melding om innbrotet klokka 06.30 måndag morgon.

– Det vart stole litt pengar og sigarettar frå kroa. Me veit ikkje kor mykje det er snakk om, eller kven som har gjort det, seier Vangberg.

I 23-tida laurdag kveld rykte politiet ut til Eikanger Hagesenter, kor det var meldt om innbrot. Hagesenteret ligg berre nokre minuttars kjøretur unna kroa på Ostereidet.

– Det kan verka som om gjerningspersonen vart skremd av at alarmen gjekk av. Så vidt eg veit er det ikkje stole noko, seier politiet om den hendinga.