Eikanger-Bjørsvik på tredjeplass i brassband-EM

Walisiske Cory Band gjekk til topps i Sveits.

Publisert:

Eikanger-Bjørsvik fekk ein fin tredjeplass i Sveits. Foto: worldofbrass.tv/skjermskot

  • Erlend Nordland Kristiansen
Denne artikkelen er over ett år gammel

Det er Cory Band som det neste året kan kalla seg europameistrar i brassband etter at dei seint laurdag kveld blei kåra til det beste brassbandet i Europa.

På andreplass kom franske Paris Brass Band, medan Eikanger-Bjørsvik (EBML) altså fekk tredjeplassen.

Solid pliktnummer

Ingen hadde høgare poengsum på pliktnummeret («Dear Cassandra») enn EBML (98), men på det sjølvvalte nummeret («Concerto Grosso») blei det «berre» 91 poeng.

Eikanger-Bjørsvik, leia av dirigent Ingar Bergby, spelte solid både fredag og laurdag, slik at ingen kunne avskrive dei som ein potensiell vinnar. Det heldt likevel ikkje heilt til siger, men det er likevel framgang etter at det i fjor vart ein femteplass.

Les også

Mykje skryt for EM-innsatsen til Eikanger-Bjørsvik

Under fredagens pliktnummer spelte musikklaget «Dear Cassandra» som nummer 11 av 13 korps. Etter den framføringa hausta musikantane spontan, ståande applaus.

Laurdag spelte korspa sine sjølvvalte stykker. Der spelte EBML «Concerto Grosso» av Derek Bourgeois som fjerde korps ut. Også her var det mange i korpsmiljøet som sa seg imponerte over innsatsen.

– I god form

På førehand uttalte EBML-leiar Stig Ryland ei klar tru på at dei kunne gå til topps.

– Folk er avslappa og veldig fokusert, og vi har hatt ein veldig god oppladning. Eg føler at vi er i god form til å matche dei aller beste.

Men han sa også:

– Valaisia er jo utruleg jamne og gode og Cory leverer alltid i toppen.

Og med Cory fekk han absolutt rett.

Stig Ryland i EBML tar imot prisen for tredjeplass i Stravinski Auditorium i Montreux. Foto: worldofbrass.tv/skjermskot

Publisert:

Les også

  1. Eikanger-Bjørsvik vann NM

  2. Desse var Eikanger-Bjørsvik sine konkurrentar

  3. Ivar Nordland – korpslegenda frå Eikangervåg

Mest lest akkurat nå

  1. Sjå kor flott det er no!

  2. Ein person omkom

  3. Han har skrive bok om retreat-miljøet

  4. Fjellstova vil utvida, men først må dei overleva krisa

  5. Kjøp og sal av eigedom i Fedje, Masfjorden og Modalen (abo)

  6. Andrea Kvammen (15) har signert for Åsane

  1. Musikk
  2. Korps
  3. EBML
  4. Knarvik
  5. Lindås