Foto: Henrik R. Hauken

– Det var vel eigentleg eit spel der ingen kunne alle reglane

Atle Lervåg og Dag Unnar Mongstad meiner ein kan seia mykje om det som skjedde på Mongstad, i ettertid.

Men dei trur fleire må dela på skulda...

Foto: Henrik R. Hauken

... for at dei ikkje har ein plass å kome tilbake til med familien.

At det gjekk som det gjekk på Mongstad er dei to eigentleg ferdige med. Men det dei kjenner mest på, er at dei aldri kan visa ungane korleis bygda var då dei vaks opp.

– Det blir ikkje det same å visa ungane at me budde bak den tanken der, seier Dag Unnar Mongstad og Atle Leirvåg og peikar i kvar sin retning mot det gigantiske raffineriet til 22 milliardar.

Me møter dei to til ein prat frampå eit stort platå like nedanfor toppen på Litlåsfjellet.

Under føtene har me alt som vart grave vekk og dumpa då den vesle bygda i 1972 blei historie.

– Før var det ei svak helling her, og det var her gamlevegen ned til Mongstad gjekk, forklarer dei to.

Men om det er eit aldri så imponerande syn me har framfor oss, slår Atle fast at han aldri kjem til å seia at det var verd det.

Dag Unnar, derimot, synest det var verd det, sjølv om det var både trist og tøft å sjå barndomsheimen bli jamna med jorda.

Var 17 og 27 år

Då bulldosarane kom, var Dag Unnar 17 år. Atle var 27 og jobba som lærar på Alversund skule. Men han var ofte heime og hadde framleis bustadadressa si på Mongstad.

– Om me ikkje hadde så mykje, hadde me det veldig godt på Mongstad. Og eg har utruleg mange gode minne, seier han.

Mange av minna har han foreviga på film og bilde. Spesielt dei to siste åra før flyttinga.

Atle Lervåg peikar utover det forgylte land, som mange måtte forlate for 50 år sidan. Foto: Henrik R. Hauken
Atle Lervåg og Dag Unnar Mongstad hadde mykje å diskutere. Minna strøymde på. Foto: Henrik R. Hauken

Brukte fotografering som terapi

– Det blei ein slags terapi for meg, forklarer han.

All filmen han har tatt, driv han no og digitaliserer.

I tillegg har han samla alt som har stått i avisene om Mongstad, og vore med på å skriva boka «Mongstad – bygda som var».

– Det var ein enorm jobb, men det kunne jo ikkje gå i gløymeboka, seier han.

Eit anna minne han har tatt godt vare på, er skiferen frå taket på heimehuset og ein del kledning. Skiferen er no på hustaket i Utkilen og kledninga på garasjen og naustet.

Foreldra tok det «fint»

Om flyttinga kom som eit sjokk på alle, synest Atle foreldra tok det ganske fornuftig.

– Pappa sa kort og godt at visst det skal komma raffineri her, må me vekk. Og mor sa at må me vekk, vil eg bu ved sjøen. Difor sette me eigentleg strek den dagen me flytta til Utkilen, seier han.

Også Dag Unnar sine foreldre tok flyttinga med fatning.

– Pappa sa at om det var det som måtte til for å få arbeidsplassar i regionen, fekk me berre gjera det. Og han var fødd og oppvaksen der, seier han.

I august og september flytta dei fleste som budde på Mongstad. Atle budde delvis i huset til første dagane i oktober.

Sidan Atle Lervåg var lærarutdanna, såg han ikkje i 1972 føre seg å finna jobb på raffineriet. Men der tok han feil. Foto: Henrik R. Hauken
Dag Unnar jobba på raffineriet i 7,5 år før han søkte seg til Mongstad Sør. Foto: Henrik R. Hauken

Begge fekk jobb på raffineriet

Som lærarutdanna såg ikkje Atle på det tidspunktet føre seg å finna nokon arbeidsplass på raffineriet.

Men under både første og andre utbygginga jobba han med logistikk på lageret. 7,5 år blei det, før han søkte seg til Mongstad Sør der han fortsette med logistikk til han gjekk av med pensjon.

Dag Unnar jobba som hjelpegut til landmålarane under første anleggstida og etterpå som laborant i til saman tolv år. I 1986 begynte han i Nordsjøen.

Ikkje den beste prosessen

I ettertid meiner dei kan det seiast mykje om prosessen.

– Klart det var ufint å ikkje spela med opne kort heilt frå starten. Men eg er ikkje sikker på om representanten frå Norsk Hydro sjølv visste om planane for innmarka særleg lenge før han «sleppte bomba», seier Atle.

– Etter det me forstår, visste ikkje Norsk Hydro heilt kva dei ville med industritomta i starten. Men då det blei klart at selskapet ville satsa på raffineri, meinte ingeniørane i Norsk Hydro at dei måtte ha innmarka også, legg Dag Unnar til.

Hadde ikkje Statoil overtatt og utvida anlegget til Norsk Hydro på midten av 1980-talet, fryktar Atle det hadde blitt lagt ned. Korleis det då hadde sett ut på Mongstad i dag, er det ingen som veit. Foto: Henrik R. Hauken

Må dela på skulda

Oppgjeret var heller ikkje kjekt.

– Det var heilt klart for dårleg, men eg synest ikkje me kan gi kommunen åleine skulda for det. Me la grunnlaget for innmarkprisen i det me godtok éi krone for kvar kvadratmeter for utmarka. Difor har me litt skuld i det sjølv også, seier Atle.

– Dessutan skjedde alt så fort. Og me hadde vel ikkje særleg greie på det verken me eller kommunen, legg Dag Unnar til.

Prisen for hus, innmark og strandlinje vart fastsett ved skjøn. Underskjønet fastsette prisen til 3,50 kr for kvar kvadratmeter. Dette aksepterte ikkje grunneigarane og overskjønet heva prisen til fire kroner for kvar kvadratmeter.

– Var utmarkprisen avtalt då de signerte?

– Ja, det var han.

– Det heile var eit spel

Dei forklarer at sjølv om dei fleste selde eigedomane sine frivillig, vart dei skattemessig selde under trussel om ekspropriasjon.

På den måten blei dei fritekne for skatt.

Dette gjorde at dei fleste klarte å etablera seg andre stader.

– Men at fleire, som berre hadde bustadhus, måtte setja seg i skuld for å skaffa seg ny bustad, hang ikkje på greip, synest dei.

– Når me ser tilbake på det, var vel det heile eit spel, legg dei til.

Dag Unnar og Atle har tatt vare på Mongstad-historia på kvar sine måte. Atle med bilde, film og avisutklipp, Dag Unnar med Mongstad-treffet. Foto: Henrik R. Hauken

Hydro fekk meir enn dei visste

Det dei synest er spesielt artig, er at ingen visste i 1970/-71 at det fanst olje utanfor vestlandskysten.

Difor var raffineriet dei bygde, designa for olje frå Midtausten, fortel Atle.

Ein annan ting Norsk Hydro truleg ikkje visste før prøvetakinga i 1971, var at grunnen dei kjøpte består av anortositt.

– Det er ein tett og flott steinsort som ikkje slepper inn vatn. Dermed har dei kunna laga enorme råoljehallar under jorda utan problem.

Snakk om flaks, seier Atle og Dag Unnar som då også forstod kvifor det var heilt tørt då det skulle borast etter vatn til hermetikkfabrikken.

I starten visste ikkje Hydro heilt kva dei skulle på Mongstad. Difor visste dei lite då at Mongstadraffineriet skulle komma til å produsera nok bensin til å dekkea rundt fire gonger Norges årlege forbruk. Foto: Henrik R. Hauken
Alt gjekk veldig fort, og det tok berre tusen dagar frå ingenting til ferdig drift. Det første anlegget fekk prislappen éin milliard. Foto: Henrik R. Hauken

Enorme ringverknader

Uansett synest dei det er heilt fantastisk at det i dag er mellom 2000 og 3000 arbeidsplassar og over hundre verksemder på Mongstad og Mongstad Sør.

Og ringverknadane går ikkje berre til Mongstad Sør, men også til Sløvågen og Skipavika.

Mongstadtreff

Om naboskapen blei sett alvorleg på prøve i 1972, har dei spesielle banda bygdefolket hadde, aldri blitt borte.

Det fekk dei bevis på i 1992 då Dag Unnar og nokon andre, inviterte til det første Mongstadtreffet.

– Me våga ikkje gjera det før tjue år etter. Men treffet blei suksess, og det kom over hundre menneske, seier han.

Frå Mongstad-treffet i 1997. Foto: Atle Lervåg
Mongstad-treff 2017 med familien Bastesen i front. Foto: Atle Lervåg

Sidan har dei hatt treff i 1997 og 2017. Og 17. september i år skal dei ha treff nummer fire.

– Det er veldig kjekt å treffast på denne måten, både for få mimra, høyra gode historiar og fretta nytt om korleis det går med folk, avsluttar Atle og Dag Unnar.