I dag er rundt 3000 arbeidsplassar knytt til området.

Mongstad.

Om du spør folk frå andre stadar i Noreg – eller verda – er det ikkje sikkert dei har høyrt om Knarvik, Frekhaug eller Mastrevik Torg.

Kanskje ikkje Lindås eller Austrheim heller.

Men dei fleste har høyrt om Mongstad.

Industrieventyret som har betydd enormt for Nordhordland.

For Hordaland, Vestland, Vestlandet og Noreg.

Industrifyrtårnet Mongstad har vore ekstremt viktig for utviklinga til både Austrheim og dåverande Lindås – ja; heile regionen. Foto: Henrik R. Hauken

– Toneangivande for vår velstand

– Mongstad har vore eit sentralt punkt i 53 år med norsk oljehistorie, seier fylkesordførar Jon Askeland til Strilen.

Askeland er både engasjert og rørt når han snakker om Mongstad. Historia har vore med radværingen heile livet.

– Eg har budd i Nordhordland nesten heile livet, med unntak av nokre år der då eg studerte, og nokre få år i Åsane. At Nordhordlandsbrua kom, som følgje av Mongstad, var viktig for at eg kom meg heim att.

Ringverknadene har vore store for heile regionen.

Kor hadde til dømes Sløvåg, Hanøytangen eller Ågotnes vore utan Mongstad?

– Utan Mongstad hadde nok Nordhordland vore heilt annleis i dag. Korleis veit me ikkje, men at Mongstad har vore toneangivande for velstanden vår i Nordhordland, er i alle fall sikkert, seier Askeland.

Sjølv om Mongstad har betydd mykje for regionen, ønskjer også fylkesordføraren å sjå framover: – Kanskje den neste store satsinga blir hydrogen? Foto: Henrik R. Hauken

Kommunereform og mørk bakhistorie

Askeland er engasjert.

Mongstad sitt industrieventyr og lokalhistorie, er noko han brenn for.

Også den mørke bakhistoria, der både lensmann og ordførar gjekk på dørene til folk, for å få dei til å selje tomta si til storindustrien, er fylkesordføraren meir enn klar over.

77 menneske måtte flytte frå ei historisk bygd. Dei ofra stort, men mange gjorde det frivillig. Det var ei forståing for at industrien var eit gode. Det seier noko om den generasjonen, at dei ofra seg på den måten, seier Askeland stolt.

Når fylkesordføraren tenker på kva dei som måtte flytte måtte ofre, blir han stolt. Foto: Henrik R. Hauken

Askeland trur ikkje det same kunne skjedd i dag.

– I dagens Noreg trur eg det hadde vore umogleg å bede ein heil bygd om å flytte. Men på den tida var Nordhordland «den mørke flekken» i Hordaland, seier Askeland.

Han tek seg ein pause, før han fortset;

– Me må også tenke på bakteppet, med kommunereforma i 1964, der Knarvik skulle bli kommunesentrum. I 1969 fann Noreg olje, og det skulle satsast nasjonalt. Så timinga med industri var perfekt.

Nordhordland har tradisjon for eit tett samarbeid mellom skule og yrkesliv. Mange ungdommar har gått fort i arbeid på grunn av næringa. Foto: Privat/illustrasjonsfoto

– Har fleire kjeledressar enn nokon annan plass

Sjølv om Askeland føler med dei som mista heimane sine, meiner han det var politisk smart å få storindustrien til Mongstad.

– Det var nemleg ikkje vegsystem i Nordhordland på den tida som var i nærleiken av å takle industri, seier Askeland og ler.

Dermed måtte vegnettet utbyggjast og fv. 57 blei til slutt ein realitet.

– Det var gamle, smale vegar, bygd for hest og kjerre. Så fylkesveg 57 er reine motorvegen i forhold, skryter Askeland.

Men før vegen kom, måtte dei frakte utstyr sjøvegen, og den eine kaien, kai 5, var det første som blei bygd.

– Det var snakk om å byggje oljeraffineriet i Vestfold, men der blei det protestar. Så vi kan takke jordvernsinteressa i Vestfold for at oljeeventyret på Mongstad blei ein realitet.

Senterpartiordføraren smiler når han tenker på at jordvernsinteressa i Vestfold brakte storindustrien vestover. Foto: Henrik R. Hauken

Askeland har god grunn til å smile. Ikkje berre var han sentral då Mongstad fekk CCB frå Ågotnes i 2015, som sikra arbeidsplassar. Mongstad har også vore viktig med tanke på utdanninga i regionen.

– Dei seier det går fleire i kjeledress hos oss, enn snittet elles i landet. Det er ein grunn til at både Austrheim og Knarvik er så gode på yrkesfag. TAF starta i Knarvik, og TIP-utviklinga har mykje å seie for at Nordhordland er fremst i landet med haldning til lærlingar. Det er eit unikt samspel mellom utdanning og arbeidsliv, som også er ein god rekrutteringsstrategi. Det er ein viktig dimensjon,og ringverknad å ta med seg frå etableringa av Mongstad, seier Askeland, før han avslutter;

– Mongstad er framleis eitt av dei største industriområda i landet. Takka vere alt som har skjedd, er me ein viktig tilflyttingstad for heile regionen.