Strilen

  • Nyheiter
  • Kultur
  • Sport
  • Meiningar
  • Folk
Meny Lukk

Nyheiter

Fleire utforkjøringar på Radøy

Lise Viken
Erlend Nordland Kristiansen
Oppdatert: 11.des.2018 12:27
Publisert: 11.des.2018 08:28

Fleire trafikkuhell på den grøne øya.

Det siste døgeret har det vore fleire utforkjøringar, både på Radøy og elles i regionen.

Olsvollstranda

Klokka 0842 tysdag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde kjørt utfor vegbana på Radøyvegen ved industriområdet på Olsvollstranda.

Det var berre éin person i bilen. Vedkommande skal ha komme seg ut, men ha verka noko sjokkprega.

Det er store skadar på bilen, men den står utanfor vegbana slik at øvrig trafikk kan passere.

Éin til sjukehus

Klokka 00.45 natt til tysdag melde politiet om ei anna trafikkulykke i Radøyvegen. Det var berre éin bil involvert i ulykka, og det var føraren sjølv som melde frå om hendinga ifølge BT.

Vedkommande skal ha komme seg ut av bilen for eiga maskin, men klaga over ryggsmerter og blei difor kjørt til Haukeland universitetssjukehus i ambulanse.

Politiet opplyste at det var glatt vegbane på staden.

Vetåsvegen

Ulykka skjedde vel eit halv døger etter ei anna utforkjøring på Radøy. Då kjørte ein bilist utfor vegen på glatt føre i Vetåsvegen.

I tillegg til dette var det også to ulykker i Gulen måndag:

  • Første meldinga var at ein bilist hadde kjørt i ei elv i Gulen. Éin person blei frakta med luftambulanse til sjukehus.
  • Så var det ei front mot front-ulykke mellom ein minibuss og ein personbil, der fem personar var involvert.
Åtvarar mot glatte vegar

I kartet under kan du sjå trafikkbildet i Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyter fint, raudt betyr kø.

widget-list
matrix-tags
Ansvarsmerket

Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsippa som er nedfelte i Ver Varsam-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, ber vi dei kontakte redaktør Eirik Langeland Fjeld.

Personvernpolicy Informasjonskapsler (cookies)

Ansvarleg redaktør:
Eirik Langeland Fjeld
Marknadssjef:
Heidi V. Villanger
TIPS REDAKSJONEN: 97 15 10 20
SENTRALBORD: 56 34 30 30
Redaksjonen: redaksjonen@strilen.no
Annonsar:annonse@strilen.no
Abonnement:avisa@strilen.no
Besøksadresse:
Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø
Postadresse:
Strilen, Kvassnesvegen 23
5914 Isdalstø
Ikkje fått avisa?
Send epost til avisa@strilen.no eller ring Strilen på 56 34 30 30 måndag-fredag kl 08.00-16.00. Laurdag: send SMS eller ring 97 15 10 20
Fakturaadresse:
Strilen, Pb. 8956, 7439 Trondheim, org.nr: 950 231 998
mail (pdf): invoice.8957@kollektor.no