Naturvernforbundet i Nordhordland inviterte, saman med biblioteket, torsdag til folkemøte om kraftlinjer i Nordhordland.

– Vi såg at det var 200 på Rossland sist, så no håpar vi at vi får minst 300 her, seier leiar Jan Nordø før arrangementet.

Og det blei etter kvart smekkfullt i Knarren.

Jan Nordø, leiar i Naturvernforbundet Nordhordland. Foto: Henrik Hauken

– Vi skal forsøke å endre traseen, først og fremst, og stoppe den tredje forsyningslinja gjennom Alver og Osterøy, sa Nordø. Statnett og BKK starta det heile med å fortelje om prosjektet.

Klokka 19:15 er det paneldebatt.

Les heile saka her.

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål? Me vil gjerne høyra frå deg!

Send melding
Monica Skjelanger Reknes

Mann funne etter leiteaksjon

Ein mann i 70-åra var meld sakna etter at han gjekk frå Gulen sjukeheim rundt klokka 18.00.

Dette melder politiet.

Mannen var ute i fleire timar før han vart funne, men klokka 22.01 melder politiet at han var kome til rette.

- Han er litt kald, men i god form, melder politiet.

Monica Skjelanger Reknes

Lærer nordhordlendingar å bruke tang

Jostein Husa frå Fedje lærer opp andre korleis ein kan bruke tang og tare i matlaging. Foto: Monica Skjelanger Reknes

Det var mange flotte smaksopplevingar å få då sankaren frå Fedje, Jostein Husa, hadde kurs.

Han laga mange flotte rettar med tang på kurset, og deltakarane fekk servert fiskesuppe, pastarett, sushi og salat med tang. Husa viser til Japan og eit område der med tang i kosthaldet, som skal ha høg levealder.

– Men ein skal heller ikkje ete for mykje, la han til.

Gratiskurset var i Modalen. Modalen folkebibliotek er med i eit samarbeid med andre bibliotek i Nordhordland om biosfære og bibliotek, då kommunen er blitt ein biosfærekommune.

Dei frammøtte fekk smake ulike rettar. Foto: Monica Skjelanger Reknes
Her er noko av det som vart vist fram og som dei frammøtte fekk smake på. Foto: Monica Skjelanger Reknes
EK/MSR

Infomøte om kloakkanlegg

Foto: Monica Skjelanger Reknes

Torsdag kveld har Alver kommune invitert til informasjonsmøte om nytt hovudreinseanlegg, ofte omtalt som kloakkanlegg, i Knarvik.

«På møtet får du vite meir om det nye hovudreinseanlegget og planprosessen. Representantar frå forslagsstillar og plankonsulent er med på møtet», opplyste kommunen i forkant.

Møtet finn stad i kantina i Nordhordlandshallen i Knarvik og då møtet starta klokka 18 var salen omtrent full. Fleire har gitt uttrykk for at dei er sterkt imot planane.

Tidlegare saker om planane:

Anne-Lise Nordpoll

Slår til med bokbad, konsert, føredrag og utstilling

Klosteret på øya Selja i Selje kommune. Ifølgje legenda gøymde Sunniva seg i ei hole i fjellet like oppom klosteret. Foto: Anne-Lise Nordpoll

Helga 13.–14. april blir det Sunnivadagar på Galleri Gamleskulen på Eikanger. I løpet av helga vert det både mat, utstilling, føredrag, bokbad informasjon om Kystpilegrimsleia og konsert, fortel Musikkens Venner Nordhordland i ei pressemelding.

Dei samarbeider gjerne med andre organisasjonar for å få til større arrangement, og dette arrangementet er eit samarbeid mellom Musikkens Venner Nordhordland, Eikanger kultur/Galleri Gamleskulen og Alver bibliotek.

Sankt Sunniva er ein norsk helgen.

– St. Sunniva-legenda fortel om ei sjølvstendig og modig kvinne som kan inspirere oss i dag med si haldning til eige liv og skjebne. Over to dagar vil historia bli fortalt gjennom musikk, ord og bilete. Og det er ei spanande historie. Det vil vere noko for heile familien, skriv dei i pressemeldinga.

Musikkens Venner sitt bidrag er i form av ein konsert med kammerkoret Maria Vocalis. Dei vil laga eit program med musikk som skal spegla stemninga i historia og vil til dels vere mellomaldermusikk.

Det blir også føredrag ved Alt Tore Hommedal frå Universitetet i Bergen, som skal fortelja om Sunniva-legenda, bokbad med Kjersti Isdal med tema «Segner frå Nordhordland» og så kjem Margunn Pettersen, som er forfattar av boka Kystpilegrimsleia Egersund-Trondheim.

NPK

Semje i meklinga for byggfaga

Fellesforbundet har vorte samd med NHO Byggenæring. Det blir meldt om solid lønnsauke, heving av minstelønnssatsane og det som er starten på ein omfattande etter- og vidareutdanningsreform, frå Fellesforbundets side.

– Dette er ein god dag for bygningsarbeidarar i Noreg, og eg er aller mest fornøgd med totaliteten i oppgjeret for medlemmene våre, seier forhandlingsleiar for Fellesforbundet, Christian Justnes, i pressemeldinga.

Erlend Nordland Kristiansen

Oppgraderer mobilnettet

Oransje felt er område kor kapasiteten kan bli redusert. Raude felt er kor dekninga kan forsvinne heilt. Foto: Telenor

Ut denne veka kan enkelte gulingar oppleve lågare kapasitet og dekningsutfall. Grunnen er at Telenor oppgraderer mobilnettet i kommunen; eit arbeid som starta opp i førre veke.

Dette skal bidra til at 4G-en blir betre og at fleire får tilgang på 5G.

Område utan overlappande dekning frå ein anna basestasjon, hadde størst sjanse for å miste dekninga. Det verste er likevel forbi, det var venta at mest forstyrringar måndag 8. april.

Henrik Hauken

Desse vil bli rektor på KNUSK

Konstituert rektor Anne Gunvor Losnedahl ønskjer jobben permanent. Foto: Henrik Hauken

Knarvik ungdomsskule måtte finne seg ny rektor etter at Morten Olsen Schulstad fekk ny jobb.

Anne Gunvor Losnedahl steppa inn som konstituert rektor, og er å finne på søkarlista.

Det er fire på søkarlista: Desse er Solveig Dale Midtun, Anne Guvor Losnedahl, Bjørn Møller og ein person unntatt offentlegheit.

Anne-Lise Nordpoll

Spreke Dørstokkmil-jubilantar

Kåre Nesse (i midten) fyller 90 år i haust. Han brukar å gå begge turane til Dørstokkmila kvar veke i sesongen frå mars til oktober. Her er han saman med Arvid Skage (som blir 80) og Sofie Isdal Kallekleiv (85). Foto: Anne-Lise Nordpoll

Kåre Nesse (snart 90) går ofte to turar i veka med dørstokkmila. Nyleg vart han og andre jubilantar feira med ei eiga samling på Dampen.

– Eg vart med sidan 2016. Då fekk kona mi plass på sjukeheimen, og det vart litt lettare for meg å koma seg ut, seier Kåre Nesse.

Han synest Dørstokkmila er eit kjempebra tilbod, og går som oftast både tysdag og torsdagsturen. Tysdagsturane går i terrenget og passar for dei som er spreke, og torsdagsturane er enklare og passar for dei mindre spreke.

Turane går på dagtid, og alle som vil kan vera med. Det kostar berre hundre kroner året å vera medlem.

Sesongen er frå mars til oktober. Turområdet vårt er heile Alver, litt Masfjorden og Austrheim, og no har me cirka 90 betalande medlemmer, seier Oddmund Skår i styret.

Han kan også fortelja at dei brukar å ha ein felles hausttur til eit fint hotell i Vestland. I fjor gjekk turen til Kvikne hotell i Balestrand, der dei gjekk tur til den lokale dagsturhytta.

Styret har også tradisjon for å gje blomar til medlemmer som fyller 80, 85 og 90 år.

Artur Ragnar Eknes, Arvid Skage, Kåre Nesse, Sofie Kallekleiv, Ingrid Kjesæth, Arne Olav Aven, Ingrid Aven, Turid Bjørnestad, Kari Irene Ones, Karin Marie Mjøs, Sissel Anny Hjelmtveit, Margrete Jensen, Jorunn Dyrkolbotn og Hanna Sundal er alle blant jubilantane som fyller 80, 85 og 90 år i år. Foto: Anne-Lise Nordpoll

– Men no i 2024 er det så mange jubilantar at me fann ut at me heller skulle invitera dei til ei felles samling på Dampen i Knarvik, fortel Skår, og ramsar opp ei heil liste med personar som enten har hatt eller snart har stor dag.

Desse er: Artur Ragnar Eknes, Arvid Skage, Kåre Nesse, Sofie Kallekleiv, Ingrid Kjesæth, Arne Olav Aven, Ingrid Aven, Turid Bjørnestad, Kari Irene Ones, Karin Marie Mjøs, Sissel Anny Hjelmtveit, Margrete Jensen, Jorunn Dyrkolbotn og Hanna Sundal.

Martin Hjellestad

Fare for streik: desse lokale bedriftene kan bli råka

Leder i Fellesforbundet, Jørn Eggum. Foto: Heiko Junge/NTB

Lønsforhandlingane mellom Fellesforbundet og Norsk Industri har brote saman, og over 14 000 medlemmar står i fare for å gå ut i streik.

Usemje om mellom anna reallønsauke og utdanningsreformer har ført til tvungen mekling, med start den 3. april.

Dersom partane ikkje blir einige innan fristen, kan dette resultere i ein omfattande arbeidskonflikt som vil påverke ei rekke bedrifter og arbeidstakarar i industrien.

Desse lokale bedriftene kan bli råka:

  • Framo Flatøy AS: 254 medlemmer.

  • Framo Holsnøy AS: 42 medlemmer

  • WellConnection avd. Mongstad: 46 medlemmer

  • West Piping AS: 8 medlemmer

Erlend Nordland Kristiansen

Strålande nøgd med påskekonserten

Staysman i sitt ess. Foto: Knut Torkilsen Horvei

I påsken «rocka» Crashville og Staysman Hordabøhallen på Radøy.

I etterkant har konsertarrangørane i Hordabøhallen, dvs. Hordabøhallen/Hordabø IL, vore svært glad for besøket dei fekk:

«For eit publikum og for nåken artister! Og tenk for ein mann sjølvaste Staysman må vera. Med 40 i feber lagar han sitt beste show nåken gong. Rått å endelig få han heim til sitt rette element. BØGDA!», skriv dei i ei melding på FB.

Staysman har også lagt ut ein etterfilm på Instagram etter besøket på Hordabø, som er opna av kring 40.000 personar: «Viss du lurer på «hva er bøgda?», så googler du «Hordabøhallen», så finner du ut av det», seier Staysman.

Det neste «kalaset» i Hordabøhallen blir til hausten. Først kjem sunnmørsbandet Rotlaus på besøk i september, før Staut og Gunslingers kjem på besøk i november.

Anders Totland

Natt til søndag må du stille klokka

Natt til søndag 31. mars må du stille klokka. Foto: Erik Johansen

Sommartid:

Klokka 02 natt til søndag må du stille klokka ein time fram.

Kvifor?

Sommartid blei innført slik at me kunne utnytte dagslyset betre. I tillegg er det energibesparande.

Huskeregel:

Om våren skal ein stille klokka FRAM. Om hausten er det ein time TILBAKE.

Erlend Nordland Kristiansen

Arbeid i tunnelar i Gulen

Det blir jobba på Fv. 602 i Gulen over påske. Foto: Google street view (skjermbilde)

På kvelds- og nattetid kl. 20–06 i perioden tysdag 2. april til torsdag 11. april blir Hauglandstunnelen og Instefjordtunnelen på Fv. 602 mellom Instefjord og Brekke stengt på grunn av vegarbeid.

Utrykkingskøyretøy og heimehjelp kan passere. Det blir åtvara om fare for steinsprut.

Erlend Nordland Kristiansen

Fekk kulturstipend

Kristian Fanavoll Tvedt og Simon Furnes under utdelinga. Amalie Hvidsten Duesund var ikkje til stades under utdelinga. Foto: Alver kommune

Tre lokale kunstnarar har fått tildelt kulturstipend frå Alver kommune. Desse tre er Amalie Hvidsten Duesund, Kristian Fanavoll Tvedt og Simon Furnes.

Dette skriv kommunen om dei tre:

«Amalie Hvidsten Duesund fullførte i 2023 mastergrad i utøvande klassisk musikk ved Norges Musikkhøyskole. Hovudinstrument hennar er fløyte. Amalie er i etableringsfasen som musikar, der ho skal gjennomføre orkesterprøvespelingar i inn- og utland.

Kristian Fanavoll Tvedt er musikar, produsent, låtskrivar og mikseteknikar med base på Frekhaug. Kristian har hatt dette som verke sidan 2006 og har delteke på mange spanande norske musikkprosjekt.

Simon Furnes er ein musikar frå Alver som for tida studerer ved masterprogrammet for utøvande rytmisk musikk ved Universitetet i Agder».

Kommunen har ikkje oppgitt kor mykje stipendet er på.

Henrik Hauken

Bjørklund har opna dørene: – Har vore fullt julekøyr

Amfi Knarvik har fått gullsmed igjen, og starten for Bjørklund har vore veldig god. Foto: Henrik Hauken

No har Bjørklund opna dørene i Amfi Knarvik.

– Dei tre dagane før helga har vore som fullt julekøyr, seier ein glad dagleg leiar Roy Nyhammer til Strilen.

Sonja Fløysand Solli og Roy Nyhammer har hektiske dagar for tida. Foto: Henrik Hauken

Han og Sonja Fløysand Solli ekspederer kunde etter kunde då Strilen er innom i 11-tida måndag. For sjølv om dei no er ein del av Bjørklund-kjeda, er det dei same tilsette som vil kunne hjelpe deg.

At det ikkje står «Nyhammer» på døra, tar ikkje gullsmeden så tungt.

– Eg er veldig glad for denne løysinga, med løftet vi har gjort i butikken. Det hadde blitt vanskeleg å gjere åleine, så det er godt å ha ein kjede i ryggen, smiler Nyhammer.

For sjefen blir med, i alle fall eit år til.

– Då skal eg etter planen pensjonere meg.

Gullsmeden har fått seg eit visuelt løft, noko fleire kundar er begeistra for. Foto: Henrik Hauken
Erlend Nordland Kristiansen

Deler ut millionar til verna og freda fartøy

Bilde frå då «Oster» og «Vestgar» besøkte Holmeknappen for ein god del år tilbake. Foto: Strilen-arkivet

Vestland er det fylket i landet med flest verna og freda fartøy. Og dei kostar både tid, krefter og pengar å halde i stand.

Derfor deler Vestland fylke no ut pengar til ei rekke av desse historiske skipa og båtane. For «Oster» betyr det at dei no får 45.000 kroner til sikring og istandsetjing, og 200.000 kr til forvaltning og drift.

Ei rekke andre kjente fartøy er også tildelt pengar, blant anna bokbåten «Epos», som får høvesvis 300.000 og 250.000 kroner. Heile lista finn du her.

– Som fylkeskommune skal vi bidra til å ta vare på desse flytande kulturminna våre. Dei syner historia vår som eit kystfylke, der sjøen og fjorden var vegen. Ved å sikre, ta vare på og setje i stand fartøya sikrar vi kunnskapen om handverket og teknikkar, og vi bidreg til at også framtidige generasjonar får innsikt i denne kunnskapen og historia, seier utvalsleiar for kultur, idrett og inkludering i fylket, Jacob Nødseth.

Ein god del av desse båtane blir nok å sjå under Torgdagen i Bergen, som i år er 15. juni.

Erlend Nordland Kristiansen

Løyver pengar til attraktive bygdesenter

Eivindvik er ein av fire bygder som kan få midlar til å gjere bygda endå meir attraktiv for innbyggarane. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Det er løyvd ein million kroner for å utvikle bygdesentera Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik, melder Gulen kommune.

Lag, organisasjonar, næring og innbyggarane i bygdene vert oppmoda om jobbe fram eit prosjekt for å utvikle møteplassar i sentrum.

«Byrknes har komme langt i planlegginga med sitt prosjekt «Karl Gåtas plass», dette prosjektet kjem opp til godkjenning i kommunestyret 12. april. Prosjekta i dei andre bygdene kjem tilbake for politisk godkjenning etter kvart som dei er ferdig planlagde», skriv kommunen.

Initiativet skal bidra til å nå målsetjinga i samfunnsplanen om attraktive bygdesenter for alle aldersgrupper. Stikkordet er «møteplassar», som gjer at ein kan utfalde seg fysisk og sosialt. Det er opp til bygdene og innbyggarane om å komme med kreative og gode innspel til prosjekt.

Erlend Nordland Kristiansen

Vassarbeid tømte kranane i Austrheim

Hin dagen melde Austrheim kommune at dei skulle arbeide knytt til det kommunale vassnettet på to stader; ved Mastrevikane og Mongstad/Litlås.

Kommunen melde at det kunne påverke vassforsyninga for mange abonnentar – noko det absolutt gjorde. Men, til slutt blei det dreis på ting.

Dette er meldinga som Austrheim publiserte torsdag:

«Vi beklagar at planlagt vedlikehald fekk så store følgjer for vassforsyninga i heile kommunen. Den gode nyheita er at i morgontimane er alt ordna, og snart har alle vanleg trykk i springen att. Husk å la kaldtvatnet renne viss det kjem brunt vatn»

Hege Alberta Wilhelmsen

Påskestemning med «Peters påske»

Denne kvartetten byr på påskestemning i palmehelga. Foto: Privat

Det nærmar seg påske, og palmehelga reiser ein prest og tre musikarar rundt i Nordhordland med påskeforteljinga «Peters påske».

Torbjørn Sæle har skrive tekstane og Stine Karin Sæle har skrive musikken saman med musikarane Vibeke B. Midttun og Ove I. B. Danielsen. Dette er tredje året dei reiser rundt med konsertforteljinga.

I år startar dei på Nordhordland folkehøgskule før dei tek turen til Lindås kyrkje og avsluttar i ei løe på Vollom i Seim.

Påskeforteljinga blei godt motteke både i fjor og forfjor. No e dei klare igjen. Foto: Privat
Erlend Nordland Kristiansen

Fortau og veglys kjem på plass

På dette strekket, langs Fv. 5502 i Austrheim, skal det kome opp fortau. Foto: Google street view (skjermbilde)

Trafikktryggingsutvalet i Vestland fylke deler ut tilskotsmidlar til trafikktryggingstiltak i kommunane kvart år. I 2024 blir det 8,5 millionar kroner til 28 tiltak fordelt på 18 kommunar. Den totale søknadssummen var på over 46 millionar kroner.

Desse tiltaka i vårt område får støtte:

  • Austrheim: Fortau og veglys, Førland, Fv. 5502, 1 mill. kr.

  • Gulen: Gang- og sykkelveg Byrknes (kommunal veg), 646.900 kr.

  • Masfjorden: Støypekant på Vågset (kommunal veg), 320.500 kr.

Dette skriv Austrheim om prosjektet på strekket Førland-Solend:

«Austrheim kommune skal inn med 1 million kroner i dette prosjektet i 2024, som er første steg i prosjektet. Kommunen skal bruka 1 million kroner til i steg 2, i 2025.

Opparbeiding av fortau vert gjort i samband med utbygginga av vatn til Førland, vassleidningen vert lagt i grøft langs vegen og det vert laga nytt fortau oppå.

Arbeidet startar frå Solend-krysset mot Førland-krysset, og målet er å få på plass 800 meter fortau».

Erlend Nordland Kristiansen

Her kjem den mobile gjenvinningsstasjonen

Mobil gjenvinningsstasjon på Prestekaia i Eivindvik. Foto: NGIR

Mobil gjenvinningsstasjon er ein «gjenvinningsstasjon på hjul», eit tilbod for innbyggarar som er hushaldnings- og hytteabonnent.

No har NGIR publisert ei oversikt over «vårturnéen»:

  • Brekke ferjekai: 06.04.2024. Kl 09.00-15.00

  • Matre (ved innkøyrsel til Stordalen): 13.04.2024. Kl 09.00-14.00

  • Modalen (ved kommunalt lager):  13.04.2024. Kl 09.00-15.00

  • Kvingo (ved butikk): 06.04.2023. Kl 09.00-14.00

  • Prestekaia Eivindvik: 20.04.2024. Kl 08.30-14.30

  • Steine (ved Posten): 27.04.2024. Kl 09.00-15.00

  • Fedje (ved Samnøy sitt lager): 04.05.2024. Kl 09.00-15.00